skip to Main Content

Lysefjorden er ein av dei mest kjende fjordane i Norge. Bli med på tur til innover fjorden til Flørli og Lysebotn. Her kan du gå i verdas lengste trapp. 4.444 trappetrinn tek deg 740 meter opp i fjellet. Trappa vart opprinneleg bygd i samband med kraftstasjonen på Flørli. Kraftstasjonen blei bygd i 1917 og skulle opprinnelig sikre kraft til eit planlagd smelteverk i Flørli. Flørli var utover 1900 talet ei levande bygd med fleire innbyggjerar og eigen skule. I dag er det bare to fastbuande att i Flørli.

På veg innover Lysefjorden stoppar vi i Fantahola og får høyra historia om fantafølgjene som rymde inn i denne fjellhola for å unngå lensmannen. Litt lenger inne i fjorden kjem vi til Preikestolen. Den rager meir enn 600 meter over oss, og vi ser om vi kan helsa på turfolk som sit og dinglar med føtene ut frå kanten fjellformasjonen. Vidare innover stoppar vi ved Hengjanefossen kor vi får ein forfriskande dusj, og høyrer om den tyske desertøren som etter krigen gifta seg med Sikke frå Hengjane.

For dei som vil gå trappene er det 4 timer til heimreise. For dei som ynskjer går vi vidare innover til Lysebotn ligg vi ved kai her ca. ein time.

Det er mogleg å kjøpe mat og lunsj i Kafè 4444 i Flørli. Her kan du også kjøpa med deg snacks og turmat til å ha med i sekken oppover trappene. Ta med gode sko og klede. Turen er ei oppleving.

Velkommen om bord!

Informasjon om turen

Priser:

Pris for vaksne: NOK 600,-
Pris for barn: NOK 350,- (4 – 15 år. Barn under 4 år gratis.)
Pris for familie: NOK 1.800,- (2 vaksne og inntil 5 barn.)

Det blir gitt grupperabatt på 15 % for grupper på 15 passasjerer eller fleire. Ta kontakt for rabattkode før bestilling.

Avganger:

Turene går kvar søndag i sommerferien. Første tur søndag 21. juni. Siste tur blir 16. august.

Avgangstider:

Avgang Fister 10:00
Anløp Sørvåg 10:15
Anløp Talgje 10:30 (Finnøy og Rennesøy)
Anløp Tau 10:40
Ankomst Flørli 12:15
Ankomst Lysebotn 13:15

Heimreise:

Avgang Lysebotn 14:15
Avgang Flørli 16:15
Ankomst Tau 17:30
Ankomst Talgje 17:40
Ankomst Sørvåg 17:50
Ankomst Fister 18:00

Varighet:

Turen varer ca. 8 timer fra Fister og til retur til Fister igjen. Kjem du om bord på Tau varer turen ca. 7 timer.

Praktisk:

Dersom du ynskjer å gå Flørlitrappene er det viktig å ha med gode sko og klede etter været. Trappene går til over 700 moh., og då er du på høgfjellet. Vær og vind på fjellet kan vera annleis enn ved sjøen. Ta med proviant og drikke.

Båten er universelt utforma og har begrensa antall plasser til rullestolar. Den har stort toppdekk, fordekk og akterdekk kor det er mogleg å stå ute for å nyta naturen. Det blir et kort stopp i Lysebotn på omlag ein time.

Mat og servering:

Kafè 4444 i Flørli har åpent, og her er det mogleg å kjøpe lunsj.

DSC03228-1024x683
DSC01165-1024x683
DSC02000-1024x683
5DSC0100-1024x684
IMG_30371-1024x680
P1230286-1024x753
DSC07582redigertmindre-minst

Kontakt oss i dag

Navn og Etternavn:*
E-post:*
Telefon:*

Melding:*

Eg ynskjer å senda ei melding. Kopi av skjema vert sendt på e-post.

Back To Top