Flørli
Lysefjorden er ein av dei mest kjende fjordane i Norge. Bli med på tur til innover fjorden til Flørli og Lysebotn. Her kan du gå i verdas lengste trapp. 4.444 trappetrinn tek deg 740 meter opp i fjellet. Trappa vart opprinneleg bygd i samband med kraftstasjonen på Flørli. Stasjonen blei bygd i 1917 og planen var at denne skulle sikre kraft til eit planlagd smelteverk i Flørli.
Flørli var utover 1900 talet ei levande bygd med fleire innbyggjerar og eigen skule. I dag er det bare to fastbuande att i Flørli.
Flørlitrappene
Trappene i Flørli er eit kjent turistmål. Det er 4.444 trinn opp til toppen. Turen opp og ned att tek omtrent 3-4 timar med normal gange, slik at dei som vel å gå når båten ut att.
Utsikten frå toppen av trappene er vel verdt slitet. Det kan vi garantere. Husk for all del fotoapparatet.
Lysebotn
Etter anløp av Flørli går vi vidare innover mot Lysebotn. Her ligg vi til kai i ca. 2 timar, så det er mogleg å ta ein tur innover dalen. På turen inn får vi sjå Kjerag om været tillet det. Kjeragplatået ruver 1000 meter over havet og er utgangspunkt for basehopperar frå heile verda. Er vi heldig får vi sjå hopp i det vi passerer under og speider etter Kjerag-bolten.
Lunsj
Inkludert i prisen er ein enkel lunsj.
Nyhet: Nå kan du kjøpe gavekort til turene våre. Bestill her.


