Skip to content

Litunet – historisk tur til avsidesliggjande gard i fjellsida over Hylsfjorden

Gå i fotspora til tidlegare generasjonar som budde innerst i Ryfylkefjordane. Kjenn på kva som krevs av styrkje og vilje til å halda ut for å livnera og leva 300 meter over fjorden på den vetle åssida ved Li i Hylsfjorden.

Fjordcruiset startar få Stavanger om morgonen, og tek deg langs ruta som turistane har brukt for å utforska Ryfylkeregionen i hundrevis av år. Ruta går til den indre og nordligaste delen av Ryfylkefjordene. Her passerer du majestetiske fjordar, frodige åsar, sjarmerende landsbyar og nokre av dei høgaste fjella i fylket. Fra Sand, den historiske fjordbygda som ligg mellom tre fjordar, starter du reisa inn i ein av dei vakreste fjordene i området: Hylsfjorden.

Gå 300 høgdemeter opp til den avsidesligjande garden

Inne i Hylsfjorden ser du den historiske garden, Litunet, som ligg 300 meter over fjorden oppe i fjellsida. Båten legg til ved naustet nede ved fjorden kor du blir møtt av ein guide fra Ryfylkemuseet. Guiden vil ta deg med opp den bratte stien frå fjorden og opp til garden. Turen går i fotspora til dei som budde her. Turen er utfordrande, men når du kjem opp til garden ventar ei utruleg panoramautsikt!

Etter at du har fått igjen pusten, får du ein guida tur på garden kor du vil få innblikk i korleis livet var på denne avsidesliggjande, historiske staden. Etter ein time fortset du ned samme sti kor båten møter deg og tar deg med ut fjorden igjen.

Fjordcruiset til Litunet er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Helgøy Skyssbåt.

Lunsjpakke

DRØS, som er en kafe på Sand med kaffebrenneri og mikrobakeri tilbyr «Grab and Go» – lunsjpakke til deg som skal til Litunet. https://www.handelsand.no/butikkar/brunsj-2-0. Pakken vil bli levert på til båten på Sand ca. kl. 11.00 slik at du har en fersk matpakke med deg på turen.

Lunsjpakken frå DRØS inneholder:
Fersk bolle av dagens bakst, nysteikt sandwich med stekt kylling, sprøtt bacon og avocado, hjemmelaget pesto og Aoli- majones.
Lunsjpakken koster kr 195,- inkludert liten drikke,


Kart over ruten

Back To Top