Skip to content

Hylsfjorden: Den historiske turistruta gjennom Ryfylke

På Ryfylkecruise tek me deg langs den historiske turistruta på fjorden gjennom Ryfylkefjordane frå Stavanger i sør inn til Hylsfjorden heilt nordaust i regionen. Her får du oppleve storslagen natur med høge fjell, frodige åssider og majestetiske fjordar, kombinert med lokale guidar som gir deg eit innblikk i historia og eit besøk til den idylliske strandstaden Sand.

Over 100 år med historie

Heilt sidan 1800-talet har Ryfylkefjordane trekt turistar frå inn- og utland, der ein får oppleve ei reise i kontrastar med djupe, majestetiske fjordar som snor seg innover frodige åssider, høge fjell, idylliske grender og mange hundre år med historie. Ruta var så populær at den mellom anna utgjorde deler av det historiske reiselivsselskapet «Thomas Cook» sin første pakketur til Noreg og blei omtala av den engelske turisten E.J. Goodman i hans «The Best Tour in Norway» i hans bok frå 1896.

Bordgøymde fjordarmar og besøk til strandstad

Turen startar kl 09:00 frå Stavanger der ein går roleg innover fjordsystemet i Ryfylkeregionen, der du passerer idylliske grender, frodige åssider

Amelie Aldner. Foto: Kristoffer Øigjord_ Snotrava studios

og majestetiske fjordar. På vegen hentar ein opp gjester frå dei ulike havnene i Ryfylke på bestilling. Turen tek deg heilt inn til Hylsfjorden, som er ei bortgøymd perle i fjordsystemet i Ryfylke. Her vil guidane Lars Olav Fatland og Terje Fatland, som sjølv vaks opp ved fjorden, gi deg eit innblikk i den rike historia til området. På veg tilbake tek me ein 2 timars stopp ved den

historiske strandstaden Sand, som ligg i knytepunktet mellom Hylsfjorden, Sandsfjorden og Saudafjorden. Blant kvite trehus tett på fjorden kan de ta inn grendeidyllen med små nisjebutikkar, kafear og minikonsert! Laksestudio og Ryfylkemuseet ligg også i gåavstand frå der me går i land.

Minikonsert med Amelie Aldner

Vår eigen internasjonale artist Amelie Aldner inviterer til minikonsert på Sand torg!

Magiske tonar frå ein klokkeklar vokal, som trollbind publikum med Sandsfjorden. Konserten blir ca. 13:30, og denne vil du få med deg.

Lunsj på Sand

Etter at vi har vært innerst i Hylsfjorden blir vi liggende to timer på Sand. Ca. fra klokken 13:00 til 15:00. Her er det mulig å få kjøpt seg varm lunsj. Ryfylke Fjordhotell tilbyr lunsjtallerken i elveosen på Sand, der lakseelva Suldalslågen møter Sandsfjorden. Lunsj kan bestilles når du kjøper billettene til turen. Menyen fra Ryfylke Fjordhotell:

Laks papilotte
Innbakt laks med sennepsfrød, ristet pepper og koriander. Serveres med fyldig sidersaus og poteter.
Pris kr: 320,- inkl. kaffe.


Kart over ruten

Back To Top