skip to Main Content

Lysefjorden er ein av dei mest kjende fjordane i Norge. Den strekkjer seg 42 kilometer innover frå Høgsfjorden og Forsand. Fjorden inneheld fleire kjende landemerker og attraksjonar. Den mest kjende er Preikestolen. Dette kjende firkanta platået som reiser seg 604 meter over sjøen, akkurat som ein preikestol. Preikestolen er ein av Norges største turistattraksjonar med fleire hundre tusen besøkande kvart år.

Fantahola er ei hole i fjellsida som har fått navnet sitt av at omreisande «fantapakk» som stjal og rømde frå lensmannen rodde inn i hola. Då lensmannen kom roande etter dei, klatra dei opp i steinura innerst i hola, og tok til å kaste stein på lensmannen då han klatra etter dei. Lensmannen måtte gje opp, og «fantapakket» fekk gå fri ei stund til.

Lenger inn i fjorden kjem vi til Flørli. Her kan du gå i verdas lengste trapp. 4.444 trappetrinn tek deg 740 meter opp i fjellet. Trappa vart opprinneleg bygd i samband med kraftstasjonen på Flørli. Kraftstasjonen blei bygd i 1917 og skulle opprinnelig sikre kraft til eit planlagd smelteverk i Flørli. Smelteverket vart utsatt, men bygginga av kraftstasjonen var alt i gong, så i 1918 starte Flørli Kraft med produksjon av elektrisitet. Stasjonen vart erstatta av ny kraftstasjon inne i fjellet i 1999. Flørli var utover 1900 talet ei levande bygd med fleire innbyggjerar og eigen skule. I dag er det bare to fastbuande att i Flørli.

Kjerag er eit kjent landemerke innerst i Lysefjorden. Kjeragbolten rager 1084 meter over havet, og er sjølvaste majesteten av Lysefjorden. Bolten er ein stein som ser ut som han er kilt mellom berga i kløfta. Det er mogleg for dei aller modigaste å gå ut på sjølve bolten.

Lysebotn er innerst i fjorden. Bygda har ingen fastbuande lenger. Om vinteren er vegen over fjellet stengd. Då er einaste veg til Lysebotn via fjorden. Men om sommaren kan du kjøre frå Sirdal og over til Lysebotn. For å koma ned til fjorden må du gjennom 27 hårnålssvingar, og forsera 930 meter frå Øygardsstølen som ligg på kanten før du startar på vegen ned.

Lysebotn er kjent for kraftproduksjon. Lyse har eit topp moderne kraftanlegg inne i fjellet som vart opna i 2018.

Lysefjorden_Kjerag
Lsyefjorden_3

    Send oss ein førespurnad i dag

    Navn og Etternavn:*
    E-post:*
    Telefon:*

    Fortell litt om ønske, sted, dato, klokkeslett:*

    Eg ynskjer å senda ei melding. Kopi av skjema vert sendt på e-post.

    Back To Top